Hund:

Atferdskonsultasjon, privattimar og kurs

Ynskjer du:

  • Finna NØKKELEN TIL EIT GODT KVARDAGSLIV og gleda ved hundehald;
    vart det ikkje heilt slik de hadde tenkt
  • POSITIVT SAMARBEID med menneske sin besteven;
    det gjev ro og harmoni i heimen og reduserer stress på både folk og husdyr
  • PRIVATTIMAR for ein god start eller rydda opp i det som ikkje fungerer.
    Privattimar kan og fungera betre for deg som ikkje trivest med å trena i felleskap på kurs.
  • RÅDGJEVING ved kjøp av hund, rasevalg og mykje meir.
    Kva hund passar deg og din familie.

Kva inneber adferdskonsultasjon?

  • Kartlegging av kva som ikkje er bra, og kva som fungerer godt. Samtale på telefon og skjemautfylling
  • Møte med og observasjon av hunden med førar og evt familie på nøytral grunn
  • Møte med hunden i heimen, og observera adferd knytt til spesielle miljø eller stad.
  • Tausheitsplikt
  • Du kjøper ein startpakke som inkluderer kartlegging, oppfølgingsbesøk, svar på 5 e-postar og korte svar på sms/telefon fram til oppfølgingsbesøk.

Fagleg bakgrunn

  • Veterinærutdanna
  • Arbeidt som veterinær sidan 1994
  • Spesielt interessert i adferd og etiologi
  • Lang erfaring med eigne hundar, sidan 1982. Ikkje ein hund er lik, store individuelle forskjellar.
  • Oppdrettar av Chesapeake Bay retriever, ikkje den enklaste rasen å handtera
  • Har hatt hundar med problemadferd, kjent det på kroppen. Eigne erfaringar er gull verdt, har vore lærerikt og gitt meg god forståelse og innsikt.
  • Har god kompetanse på hunden sitt kroppsspråk, og korleis nytta det i handtering av hund, trening i kvardagslydigheit og harmonisk samvær med hund.
  • Har god innsikt i instinkt og kva som ligg naturleg i hunden.
  • Ser på det som ein styrke at eg likar å snakka med folk og har erfaring i å finna ut kva som fungerer for den einskilde hundeeigar/familie/førar.
  • I ferd med å gjennomføra hundetrenarutdanning med adferd, helse og stresspåverknad i fokus

Følg meg gjerne på Facebooksida «Stegaflotdyrlegen med fokus på ein god kvardag med hund»!

Stegaflotdyrlegen

Adresse:
Reinsnosvegen 195 5763 SKARE

Telefon:
90 95 66 35

E-post:
dyrlegepost@stegaflot.no