Hund:
Atferdskonsultasjon, privattimar og kurs
Ynskjer du:
- Finna NØKKELEN TIL EIT GODT KVARDAGSLIV og gleda ved hundehald;
vart det ikkje heilt slik de hadde tenkt - POSITIVT SAMARBEID med menneske sin besteven;
det gjev ro og harmoni i heimen og reduserer stress på både folk og husdyr - PRIVATTIMAR for ein god start eller rydda opp i det som ikkje fungerer.
Privattimar kan og fungera betre for deg som ikkje trivest med å trena i felleskap på kurs. - RÅDGJEVING ved kjøp av hund, rasevalg og mykje meir.
Kva hund passar deg og din familie.
Kva inneber adferdskonsultasjon?
- Kartlegging av kva som ikkje er bra, og kva som fungerer godt. Samtale på telefon og skjemautfylling
- Møte med og observasjon av hunden med førar og evt familie på nøytral grunn
- Møte med hunden i heimen, og observera adferd knytt til spesielle miljø eller stad.
- Tausheitsplikt
- Du kjøper ein startpakke som inkluderer kartlegging, oppfølgingsbesøk, svar på 5 e-postar og korte svar på sms/telefon fram til oppfølgingsbesøk.

Fagleg bakgrunn
- Veterinærutdanna
- Arbeidt som veterinær sidan 1994
- Spesielt interessert i adferd og etiologi
- Lang erfaring med eigne hundar, sidan 1982. Ikkje ein hund er lik, store individuelle forskjellar.
- Oppdrettar av Chesapeake Bay retriever, ikkje den enklaste rasen å handtera
- Har hatt hundar med problemadferd, kjent det på kroppen. Eigne erfaringar er gull verdt, har vore lærerikt og gitt meg god forståelse og innsikt.
- Har god kompetanse på hunden sitt kroppsspråk, og korleis nytta det i handtering av hund, trening i kvardagslydigheit og harmonisk samvær med hund.
- Har god innsikt i instinkt og kva som ligg naturleg i hunden.
- Ser på det som ein styrke at eg likar å snakka med folk og har erfaring i å finna ut kva som fungerer for den einskilde hundeeigar/familie/førar.
- I ferd med å gjennomføra hundetrenarutdanning med adferd, helse og stresspåverknad i fokus

Følg meg gjerne på Facebooksida «Stegaflotdyrlegen med fokus på ein god kvardag med hund»!
Stegaflotdyrlegen
Adresse:
Reinsnosvegen 195 5763 SKARE
Telefon:
90 95 66 35
E-post:
dyrlegepost@stegaflot.no


