Om Stegaflotdyrlegen

Du kan kontakta vår veterinær Ingrid Dale  om alle slags dyr – store og små. Frå produksjonsdyr og hest, til  kjæledyra dine. Dyrevelferd står i høgsetet. Me gjer alt me kan for at både du og dyret ditt skal kjenna deg trygg.

Klinikk
Dette er ein heimeklinikk på Stegaflot i Skare, Stegaflotdyrlegen tek svært gjerne imot deg og dyret ditt. Her utfører veterinær Ingrid Dale poliklinisk arbeid, akutthjelp og kirurgi når det er naudsynt.

Køyrer ambulatorisk veterinærpraksis
Køyrer på rutine- og sjukebesøk i fjøs og stall.

Førebyggjande helsearbeid
Utgreiing av besetningsproblematikk og generell rådgjeving på storfe og sau.

Adferdskonsultasjon hund
Veterinær Ingrid Dale har  kompetanse på hundepsykologi og det er mogeleg å få timeavtale både på klinikk og som heimebesøk. Be om pristilbod på privat hundetrening og utgreiing av eit adferdsproblem.

Sjå på Stegaflotdyrlegen som «din fastlege», ved behov for ekspertise vert du rekvirert vidare til spesialklinikk for utgreiing av indremedisinske sjukdomar og avansert kirurgi. 

Veterinær Ingrid Dale jobbar i  tredelt vaktordning i Indre Hardanger veterinærdistrikt, dvs. Odda kommune og Ullensvang herad.

Opningstider

Tilgjengeleg på telefon 08-16, måndag-fredag. Telefontid kl 8-10 for bestilling av sjukebesøk, rutinebesøk og reseptar etc 

Treng du akutthjelp kveld, natt og helg bruk vakttelefon 53 64 27 12telefonsvarar oppgjev nr til vakthavande veterinær.

Har du spørsmål?

​Vi har rask responstid og er alltid ​tilgjengelig for å svare på dine spørsmål.

Send oss en henvendelse via skjemaet, eller ring oss på telefon

90956635

kontaktskjema